IDEAR FOR BORN I GUDSTENESTA

Mikkelsmess

Apg 12:5-11

(lesetekst Dan 6:17-24 og Matt 18:1-4.10)

I PREIKA

Lage teikneverkstad!

Eg har valt bort den faste preiketeksten, for i staden å ta med to kjerneforteljingar om englar som kjem til hjelp, mest av alt fordi denne gudstenesta her hjå oss er familiegudsteneste med utdeling av 4-årsbok. Størsteparten av tida går med til å teikne.

Kyrkjelyden skal få i oppgåve: Teikn ein engel! Ark blir delt ut til alle, samt fargeblyantar (o.l) på deling. La kyrkjelyden summe medan dei arbeider, gå litt rundt og sjå – syt for alt alle skjønner oppgåva. Nokre må kanskje setjast i arbeid, eller gjevast ein ide!? Når teikningane er ferdige hengjast dei opp i kyrkjerommet. (Ide: Bjørn Magne Hansen).

Før teikninga startar vil eg seie litt om englar, kven/kva er dei?? Korleis brukar me ordet slik til kvardags? Ordet tyder: Bodberar. (jamf. engelen Gabriel og Maria, Luk 1:26ff). Kva seier Bibelen om englane? Kven er Mikael (Mikkel)? Erkeengel og den som vernar kyrkjelyden. (Kjent som djevelen sin bane (Joh op.12:7-12)). Ofte avbilda med sverd.

 

TO SALMAR

Barnesalmeboka nr. 116

Gud er så glad i meg

Barnesalmeboka nr. 120

Jeg har en egen engel

 

LITURGI

Gloria/Lovsong

Kanskje kyrkjelyden skal få vere med og synge heile "englesongen", eller ei gruppe med konfirmantar…….

Anne Berit J