Nyårsdag

Hebr 13,5-8

For Herren er éin dag som tusen år, og tusen år som éin dag (2 Pet 3,8)

Som ung student møtte eg ein prest som hadde vore på vitjing til ein kollega som låg for døden. Han hadde lese for han det verset som avsluttar teksten for nyårsdagen: Jesus Kristus er i går og i dag den same, ja, til evig tid. Den sjuke kollegaen hadde smilte og kviskra: Ja!. Tydelegvis hadde dette ordet vore ei stor trøyst for han. Kvifor det? Jau, for som ein lærd teolog visste han mykje om korleis Bibelen sin Jesus var. Som sjukt menneske trengde han denne Jesus i dag. Som døyande var det hans trøyst å vite at Jesus skulle følgje han inn i det ukjende. Ikkje minst rundt eit tusenårsskifte vert vi minna om kor fort alt forandrar seg og korleis utviklinga akselererer. Kva er det så som gjennom alle tider er uforanderleg. Det er Jesus. Difor kan vi i dag meditere over kva det vil seie at Jesus er gjennom alle tider den same:

1. Jesus i fortida

Er det heilt sikkert at Jesus har levd? Eg stilte spørsmålet i ein konfirmantklasse. Konfirmantane var usikre på svaret. Dei fleste meinte at dette var eit trusspørsmål. Vi kunne velje å tru at han hadde levd, men det kunne ikkje bevisast. På dette punktet var konfirmantane feilinformerte. Det er sikkert at Jesus har levd. Og det er vidare påviseleg at han har hatt ein enorm innverknad på livet på jorda dei siste to tusen åra. Han er kort og godt dei to siste to tusen åra sitt store namn i verda. Han har starta heile vår tidsrekning. Men ikkje berre tida, også tanken vår, kulturen vår er gjennomsyra av hans vesen. Dette barnet som vart fødd i ein mørk stall stod snart fram og ropa ut det profetiske ordet om glede for fattige, fridom for fangar, syn for blinde, nytt liv for alle trælar. Han opna døra til den nye nådetida. Menneske opplevde ein ny fridom på alle plan, også i høve den siste fiende døden. Jesus i fortida. Og så var det menneske erfarte for to tusen år sida også berre eit lite glimt av Jesus sin herlegdom. Vi såg hans herlegdom, skriv Johannes. "Ein herlegdom som den einborne Sonen har frå Faderen" - og samstundes: "Han var i opphavet hjå Gud. Alt vart til ved han". Jesus i fortida. På han kviler heile vår historie.

2. Jesus i notida

Eg treng ikkje gå lenger enn til meg sjølv for å sjå Jesus sin innverknad på notida. Som ungdom opplevde eg hans kall til teneste, og mine studier og mitt liv seinare har vorte prega av det. Eg ville aldri vorte prest om det ikkje hadde vore fordi at Jesus sitt kall hadde utfordra meg. Eg har i dag ei dotter på 19 år som har reist til Kamerun knytt Det norske misjonsselskap. Ung og entusiastisk for misjonen si sak. Det er klart vi foreldre kjenner ei viss bekymring. Men samstundes ser vi at det er Jesus som gjer seg gjeldande i notida, og vi har enno ikkje møtt menneske som har sagt: Vi angra på at vi følgde Jesus sitt kall. Eg har stått ved døypefonten og sagt det mange gonger i det eg gav foreldra dåpslyset: "Den som følgjer meg, skal ikkje ferdast i mørker, men ha livsens ljos". Dette er ord inn i notida. Menneske vitnar stadig vekk om at desse orda gjeld like mykje i dag som for to tusen år sidan. Han er i går og i dag den same.

3. Jesus i framtida

Det var stor spenning i det kristne Europa ved overgangen frå år 999 til år 1000. Mange kristne heldt det som sannsynleg at menneska si tidsrekning var komen til endes og at dette var tida for Jesus si atterkome. Nyårskvelden var ei sterk blanding av frykt og forventning. Ved overgangen frå 1999 til 2000 er det dataproblema som har stått i fokus. Datamaskinene si tidsrekning var komen til endes. Når ein berre har to siffer til disposisjon, er 99 det høgst tenkjelege talet. Men uansett om menneska eller datamaskinene si tidsrekning skulle kome til definitivt til endes, så skal den som er eit Jesu barn aldri frykte, for dei orda som vart skrivne i Hebrearbrevet skal alltid gjelde: "Gud har sagt: Eg slepper deg ikkje og går ikkje frå deg. Difor kan vi vera trygge og seia: Herren er min hjelpar, eg er ikkje redd". Desse orda skal følgje menneska i all framtid. For Jesus er i går og i dag den same, ja, til evig tid. Difor kan hans born leve og døy trygt gjennom alle dei tusen år som måtte kome på denne jorda.

Geir Sørebø