2. søndag i faste

Jak 5,13-20

EIN HELBREDANDE KYRKJELYD

Eg ser enno for meg eit ektepar i førtiåra som kjem gåande langs vegen med nokre greiner av ask under armen. Dei hadde vore av stad og brekt nokre nye greiner frå eit stort tre. Dei skulle heim og lage askeavkok. Mannen hadde fått kreft og dei hadde lese i eit blad at avtrekk av askekvistar skulle ha ein positiv effekt. Mannen er død i dag. Eg veit om folk som har funne mange andre rare oppskrifter mot ulike sjukdomar. Ofte ser oppskriftene ikkje ut til å ha særleg effekt. I Jakobs brev, som søndagsteksten denne gongen er henta frå, finst dei ei klår og enkel oppskrift mot sjukdom som kristne vert oppfordra til å bruke. Oppskrifta har tre trinn:

1. Inviter dei eldste i kyrkjelyden heim til deg

Som prest har eg fleire gonger opplevd at eit menneske har vorte sjukt og døydd utan at eg visste om det. Og når eg så har fått meldinga om dødsfallet, så kom det som ei stor overrasking på meg.

Kanskje er det eg som har vore for lite oppmerksam, men sanneleg er det også i kyrkjelydane våre ein for lite utvikla kultur for å søkje hjelp hos medkristne. Jakob seier altså: "Den sjuke skal kalle til seg dei eldste i kyrkjelyden". Han skal altså ikkje gå utafor sin eigen kyrkjelyd. Han skal ta eit initiativ ovafor dei som sit med leiaransvar i eigen kyrkjelyd. Det kan vere prest, diakon, soknerådsleiar, forstandar osv. Jakob føreskriv ikkje noko bestemt tal, men det bør altså vere fleire. Ein slik invitasjon har dei eldste plikt å svare ja til. Det er innlysande at når dei eldste kjem, så skal dei få informasjon om din sjukdom og korleis du har det.

2. Lat dei eldste be over deg

Eg har mange gonger vore med å be over menneske som vert innsette i ei spesiell teneste - og over menneske som er sjuke. Det er ei sterk oppleving når fleire kristne i tru legg hendene på eit anna menneske og bed for det. Det er nesten som du heilt fysisk kan kjenne korleis Guds kraft strøymer ut over den som vert beden over. Når bibelteksten vår seier nettopp beden "over" og ikkje beden "for", så vert det med dette tydeleggjort at her skal det bedast i den sjuke sitt nærvær ved at ein legg hendene på han. Det er ikkje nok å seie når ein går: "Ja, vi skal hugse på deg" eller: "Eg skal hugse å be for deg".

3. Lat dei eldste salve deg med olje

For litt sidan kom ein ung prest innom kontoret mitt for å spørje om eg visste korleis han skulle gjere det når han skulle salve eit sjukt menneske. Det er nok eit symptom på ein mangeltilstand i kyrkjelydane våre dersom vi som prestar og leiarar elles i kyrkjelyden ikkje veit korleis vi skal utføre salving av sjuke, ein praksis som går heilt attende til læresveinane sjølve (Mark 6,12).

I samsvar med det no avdøde sjukehusprest Peder Olsen skriv i ei av sine bøker, meiner eg forbøn over og salving av ein sjuk kan leggjast opp slik: a. Ein syng eit kort salmevers saman. b. Ein bed ei innleiande bøn for handlinga c. Kort skriftlesing (f.eks. Jak 5,13-15). d. Felles fri bøn over den sjuke (med handspålegging). e. Salving med olje (olivenolje). Den sjuke vert salva på panna i form av ein kross. Desse orda vert sagde: "Etter Guds ord og føresegn salvar eg deg med olje i namnet åt Faderen, Sonen og Den Heilage Ande". f. Velsigninga. g. Alle bed Fader Vår saman. h. Ein syng eit kort salmevers.

Det er store lovnader knytt til denne framgangsmåten. Når eit menneske på denne måten gjev seg heilt over til Gud, så heiter det: "Då skal bøna, beden i tru, berga den sjuke, og Herren skal reisa han opp". Det er viktig å merke seg nøyaktig dei orda som står her. Formuleringane kan romme at den sjuke skal verte frisk. Men det er ikkje dei orda som er nytta. Den sjuke skal verte berga og oppreist. Det skal altså skje ei gjennomgripande forandring som får konsekvensar for den sjuke si framtid og som gjer at den sjuke til sist skal kunne møte døden med tryggleik og frimod.

Lat oss alle vere med på å gjere kyrkjelydane våre til helbredande fellesskap!

Geir Sørebø