Jonsok

Joh 10,40-42

JONSOK - DEN LYSASTE DAGEN I LIVET?

Det er ikkje langt unna at jonsok er den lysaste dagen i året. Nær den mørkaste dagen i året feirar vi Jesu fødsel. Då Jesus vart fødd, kom det sanne ljoset til verda. Det skulle verte ljosare og ljosare dag for dag. I kyrkjeåret er Johannes sin dag plassert ved det aller ljosaste døgnet. Gjev det noko meining? Kva er det slags bodskap som kjem fram gjennom teksten vår og kva er det som vert sagt om Johannes si forkynning og liv?

1. Johannes nedjusterte sin eigen rolle

Eg høyrde ein gong om ein eldre prest som sa i det han var i ferd med å gå over i pensjonistane sine rekkjer: "Eg kan ikkje seie sikkert at noko menneske har vorte frelst på grunn av mi forkynning". Eg vart litt overraska då eg høyrde det, for det var ein kjend prest og svært talefør prest som hadde vore mykje framme i media. Det var nok ein dobbel botn i det han sa. Det låg nok mellom linjene at ofte hadde sakna å sjå dei konkrete resultata av den innsatsen han hadde gjort. Men i orda låg også ei nedtoning av sin eigen rolle i det store og avgjerande spørsmålet om frelse og fortaping. Ein kvar prest og kristen må på den eine sida gjere ei trufast teneste der han er sett, men på hi sida vite det er Gud som kallar, Jesus som frelser og Den Heilage Ande som utrustar. "Johannes gjorde ikkje noko teikn", sa dei mange som kom til Jesus ved Jordan. Dette er underlege ord om han som var den siste av profetane. Han som Jesus omtalte slik: "Ingen av dei som er fødde av kvinner, er større enn Johannes" (Luk 7,28).

Det er nok mange store forkynnarar som vitnar om at det har skjedd teikn rundt dei. Ofte skulle vi så gjerne hatt noko stort og strålande å vise fram i kyrkjelyden. Johannes hadde ikkje det. Han sjølv ville minke (Joh 3,30). Han nedjusterte eigen rolle.

2. Johannes oppjusterte Jesus

Bror min kjøpte ein gong ein bruktbil. Seljaren tala godt om bilen. Spesielt framheva han at han hadde køyrt så lite. Berre 60 000 km - noko som tydeleg gjekk fram av speedometeret. Etter nokre veker skulle bror min gjere reint i bilen. Under ei matte fann han dokument som viste at bilen hadde gått 160 000 km. Seljaren hadde tala godt, men han hadde ikkje tala sant. Bror min ville naturleg nok ikkje ha bilen og fekk kjøpet omgjort.

Folk sa om Johannes at alt han hadde sagt om Jesus var sant. Johannes hadde tala både godt og sant. Det var ikkje småtteri Johannes hadde sagt om Jesus. Jesus var den som døypte med Den Heilage Ande og eld (Luk 3,16). Han var den som ber verdsens synd (Joh 1,29). Han var Guds Son (Joh 1,34) som til sist skulle døme verda (Luk 3,17). Johannes hadde oppjustert Jesus kraftig for folket. Og dei hadde fått erfare at alt Johannes hadde sagt var sant. Dette hadde gjeve ein trong til ikkje å vrake Jesus, men til å knyte seg nærare til Jesus.

3. Johannes hjelpte andre til tru

For litt sidan såg eg på TV eit intervju med ei jente som nett hadde vorte ein vedkjennande kristen. Gjennombrotet hadde skjedd då bestemor hennar hadde overtala henne til å verte med på eit kristent møte. I intervjuet tala ho så fint om bestemora som hadde hjelpt henne til tru. Sjølvsagt var det møtet med Jesus som var det avgjerande. Dåpen var viktig. Men det viktigaste hadde ikkje vorte verksamt før ein annan person hjelpte henne til tru.

"Det var mange der som kom til tru på Jesus" heiter det i teksten vår. Kvifor kom dei til tru på Jesus? Teksten seier ikkje noko meir. Men av samanhengen er det nærliggjande å sjå det slik at dette var folk som kom til Jesus frå Johannes døyparen. Han hadde gjeve dei eit grunnlag som gjorde at dei vart hjelpte til tru. Og trua vart verksam i det dei møtte Jesus og erfarte at alt Johannes hadde sagt var sant. Mange har opplevd at den dagen dei fann fram til ei vedkjennande tru var den ljosaste dagen i livet. Slik høver det godt det ordet som er skrive om Johannes døyparen: "Han kom for å vitna; han skulle vitna om ljoset, så alle kunne koma til tru ved han" Joh 1,7.

Geir Sørebø.