1. søndag etter påske
Joh 21,1-14

JESUS SINE LÆRESVEINAR FISKAR MED NOT

Eg hugsar frå studenttida mi at eg ein sommar hadde sommarjobb saman med ein kristen ungdom som sa: Eg er ein stangfiskar i Guds rike. Med det meinte han at han prøvde å gjere som Jesus hadde sagt. Jesus sa jo til læresveinane sine då han kalla dei: "Fylg meg, så skal eg gjera dykk til menneskefiskararar". Denne ungdommen eg tenkjer på prøvde å vere menneskefiskar, dvs. han prøvde å nytte dei sjansane han hadde til å medverke til at menneske omvende seg til Gud. Han prøvde å lokke og overtale og overbevise. Men, sa han til meg, eg er berre ein stangfiskar. Med det meinte han at såg si oppgåve i høve til kvart einskildt menneske. På tomannshand ville han arbeide og overbevise.

I teksten i dag høyrer vi at Jesus sine læresveinar fiskar med not. Det er heilt klårt at denne bibelteksten er symbolsk. Fisken er menneska utover jorda. 153 fiskar er kanskje alle kjende folkeslag den gongen. Alle skal fangast inn til Guds rike.

Etter dette forstår eg det slik: Sokneråda skal fiske med not. Det er ingen kvoteregulering. Tvert om de har fått ordre om å fiske i alle smutthav og legge havet svart. Gå ut og gjer alle folkeslag til mine læresveinar. Fisket er ikkje sesongbasert. Det går over heile årt. Det er lov å bruke alle tekniske hjelpemiddel. Det er i det heile snakk om eit gigantisk rovfiske. Gud vil at ikkje ein einaste yngel skal verte att i havet. Han vil at alle skal verte frelst.

Sokneråda fiskar med not. Bibelen seier det. Og vi har fått ei ny kyrkjelov som seier det. "Menighetsrådet skal ha sin oppmerksomhet henvendt på alt som kan gjøres for å vekke og nære det kristelige liv i soknet".

Læresveinane fiska med not. Og når dei høyrde på Jesus sine ord om korleis fisket skulle utførast, vart nota full med ein gong.

Geir Sørebø