IDEAR FOR BORN I GUDSTENESTA

16. søndag etter Pinse

Luk 10:38-42

I PREIKA

Marta og Maria. To systrer som begge var glade i Jesus. Dei hadde ulike måtar å syne det på, Maria sette seg ned. Marta styrte på, ordna og stelte for at Jesus skulle få det beste stellet. Ofte hadde Jesus venner med seg når han kom innom, det var mange som skulle ha mat – og kanskje overnatting. Ikkje rart at Marta stressa rundt, det var mykje som skulle gjerast. Ho var litt irritert over systera som bare satt der!!

I mange år har eg sove med konfirmantane i kyrkja i starten av konfirmanttida. Mange av konfirmantane lurer fælt på kvifor det er så viktig at denne overnattinga skal vere stille. (for det er så vanskeleg å vere stille når ein er saman med så mange som ein har lyst til å småprate med etter at ein har krype ned i soveposen…!) Overnattinga skal vere stille fordi konfirmantane skal få vere nær Jesus, og ikkje bare dei andre som er i kyrkja same natt. Det er noko heilt spesielt med kyrkja, huset som er bygd som møteplass mellom menneske og Gud. Mitt håp er at konfirmantane skal få kjenne at dei høyrer heime her, at det er godt å vere stille i Guds hus.

Maria hadde skjønna det. Ho sette seg ned ved Jesu føter. Stille, lyttande til kvart ord som Jesus sa. Da Marta klaga på systera si, fekk ho høyre: "Marta, Marta! Du gjer det strev og uro med mange ting. Men eitt er naudsynt. Maria har valt den gode luten, og den skal ikkje takast frå henne." Det var noko som var viktigare enn mat og sengeplass: JESUS!!

EI SALME

Salmer 1997: Eg er trygg hos deg

LITURGI

Tekstlesing: La folk sitte under tekstlesingane!

GUDS SIGNING!

Anne Berit Sunde J