IDEAR FOR BORN I GUDSTENESTA

3 søndag etter Pinse

Luk 14:16-24

I PREIKA

Kva ville du tenkt om ingen av venner dine gadd å bruke av tida si til å komme på besøk til deg når du skulle feire bursdag eller noko sånt? Eg ville blitt lei meg og skuffa – og tenkt at dei sikkert ikkje hadde så lyst til å vere saman med meg likevel da…. Kanskje ville eg også blitt sinna fordi eg så gjerne ville feire dagen min med dei som eg tenkte var vennene mine. Og eg hadde alt lagt så mykje arbeid i førebuingane. Skal lure på om eg hadde halde selskap likevel – bare med andre gjester enn dei eg fyrst tenkte på??? Slik som mannen som ville halde det store gjestebod gjorde. Det må ha vore ein broket forsamling han fekk innafor døra til slutt. Men så glade dei må ha vore, dei som aldri elles fekk selskapsinvitasjon!

Gjestebodet handlar om meir enn bare eit vanleg måltid i lag. Det er også eit bilete på fellesskapet mellom oss i kyrkja. I Bibelen blir det bruka som eit bilete på Himmelen. Og eit av våre sakrament er eit måltid – nattverden.

Enten under tekstlesing eller på preikeplass ville det vore fint å dramatisert historia, enten med pugga replikkar – eller med forteljar.

EI SALME

Norsk Salmebok nr 789

Alle vender augo sine til deg

LITURGI

Nattverd

Dekke på eit nattverdsbord med duk, ljos, druer, brød… Gjere det fint og innbydande som i store gjestebod. Kanskje kan bordet vere i midtgangen??

Anne Berit J