15. søndag etter pinse

Salme 116,12-16

KVA SKAL EG GJE GUD ATTENDE?

Hos mange menneske er det innebygd ein sterk trong til å gje noko attende når ein har fått ei gåve. Ved jul utvekslar vi kort og presangar. Det kan opplevast nesten som ei skam dersom eg ikkje kan få gjeve attende tilsvarande det eg har fått. Som oftast vil vi kunne vere i stand til gjengjelde ei julehelsing. Det vert annleis når nokon har gjeve oss noko som er heilt eineståande og som ikkje kan målast i pengar. Kva skal vi gje våre foreldre som har bore oss inn i dette livet? Kva skal vi gje eit menneske som har gjeve oss kjærleik i mange år? Og så det aller største spørsmålet som salmisten stiller: "Kva skal eg gje Herren att for alle hans velgjerningar mot meg?". Og ut frå teksten i Salme 116 er det eit velgrunna spørsmål, for det kjem frå ein mann som har opplevd uro og dødsangst (v.3;8), men som no har fått hjelp. Salmisten gjev svar på det spørsmålet han sjølv stiller. Tre ting gjev han Herren:

1. Takk og ære

Eg gjorde for litt sidan ei rask undersøking på kyrkjegarden i den bygda eg bur. Eg noterte ned alle innskriftene på gravsteinane. Den desidert mest brukte innskrifta var: "Takk for alt!" Ein kan spørje: Kva kan vi gje ein av våre kjæraste som er død? Ingen ting, seier nokre. Men er ikkje dette litt for kjapt svara. Det går an å gje ein avdød takk og ære. Når ein set ei fin innskrift på gravsteinen, vert det ei takk og ære som står der synleg for alt folket.

Salmisten vil gje Gud takk og ære. "Eg lyfter frelsesstaupet og kallar på Herrens namn"(v.13). Dette må ha skjedd ein gudstenesteleg samanheng. Truleg er det her snakk om eit drikkoffer som vert bore fram til takk og ære for Herren (4 Mos 28,7).

2. Oppfylling av lovnad

Den sveitsiske legen Elisabeth Kübler-Ross har skrive ei kjend bok med utgangspunkt i samtalar med menneske som har fått ein sjukdom som ikkje kan lækjast. Ein vanleg fase i sjukdomsprosessen kallar ho for "kjøpslåing". Det vil seie at pasienten f.eks. lovar: "Dersom eg vert frisk, så skal eg leve eit betre liv". "Dersom eg får kome heim att frå sjukehuset, så skal eg plante frukttre i hagen", var det ein som sa til meg. Kübler-Ross skriv at mange av hennar pasientar har sagt: "Dersom eg vert frisk, skal eg vie livet mitt til Gud".

Ofte kan vi kome i skade for å ikkje ta slike lovnader heilt på alvor. "Dei er uttrykk for ei skuldkjensle som bør bearbeidast", kan ein kom til å seie. Men det går også an å oppdage at i ein krisesituasjon kan ein få ei heilt ny erkjenning som kan gje kraft til nytt liv. Når den salmisten som har opplevd dødsangst seier: "Eg vil halda mine lovnader til Herren for augo på heile hans folk" (v.14), så har denne mannen si "kjøpslåing" faktisk lagt grunnlaget for eit ny livssituasjon der han har vorte sett fri til å prise Gud og vedkjenne seg hans namn i det offentlege rom.

3. Livslang teneste

"Eg lova han far at eg skulle stelle for ho mor så lenge ho levde, slik at ho slapp å kome på sjukeheim", var det ei kvinne som sa. I mange år hadde ho pleia mor si etter at faren døydde. Det hadde vore ei slitsam og tung tid. Men også ei tid som ho ikkje ville vore forutan. Ei tid med mange gode stunder der menneske kom nær kvarandre.

"Å, Herre, eg er din tenar, din tenar og son til di trælkvinne" (v.16) sier salmisten. Dersom trælkvinna i huset fekk ein son, så var han altså fødd til træl. Og heile livet hans vart truleg eit træleliv. Med dette sterke bilete seier salmisten at han heilt og fullt, gjennom alle livet sine dagar skal vere Herrens tenar. Liksom ei dotter ikkje ville halde opp med å tene si gamle mor, vil salmisten aldri halde opp med å tene Gud.

Salme 116 har eit vedunderleg fint vers: "Det er dyrt i Herrens auge at hans trugne døyr" (v.15). Er det noko som Gud opplever som dyrt og uerstatteleg? Ja, det er døden til dei som er trufaste og gjev sitt liv til han. Herren held sine lovnader gjennom alle tider. Vi har sett det når Jesus Kristus sigra over døden for alle Herrens trugne. Difor skulle det vere vår store målsetjing at takkseinga skulle kunne stige opp frå fleire og fleire til Guds ære (2 Kor 4,14-15).

Geir Sørebø